NN Dag 1

Frå Blankspot WikiWiki
Versjonen frå 1. februar 2015 kl. 14:35 av Chriscena (Diskusjon | bidrag)

(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Dag 1: Anne

Anne Merete, eller berre Anne, bur saman med mor hennar i Lillestrøm i Akershus. Ho er 19 år gamal og går 3. året ved den vidaregåande skulen, der ho er ein framragande elev. Grunnen til dei gode resultata er dels fordi ho får ekstra undervisningstimar, men hovudsakleg fordi ho har gode studievanar og les flittig. Ho har alle lesebøkene hennar på lydband og desse lyttar ho på i ein spesiell kassettspelar som kan spele av banda opptil tre gongar så raskt som normalt med minimale forstyrringar. Ho har vore blind i 8 år.

Sidan ho ikkje er fødd blind, har Anne forståing for visuelle omgrep som til dømes fargar, og ho snakkar framleis om fargar med mor hennar i høve til ting som ho kjende «før». Eit emne ho ikkje snakkar om er bilulukka som drepte far hennar og gjorde henne blind, ein episode som berre blir referert til indirekte gjennom preposisjonane «før» og «etter». «Denne er grøn som veggane i stova var før.» «Den er på ein måte som den rosa genseren du brukte før, berre lysare» og så bortetter.

Fagleg ligg Anne eitt år etter klassekameratane på skulen på grunn av vanskane ho hadde med å tilpasse seg sin nye livssituasjon rett etter ulukka. Til hausten skal ho ta grunnfag i samanliknande litteratur ved Universitetet i Oslo. Ho gler seg veldig til å byrja på universitetet, delvis fordi ho håper på å få seg nye vener og delvis fordi ho vil kunne gjere mykje meir av skulearbeidet hennar på internett; lese timeplanar, levere skriftelege oppgåver og sende augneblinksmeldingar til lærarar og klassekameratar. Ho har ikkje så veldig mange vener i den vidaregåande skulen, ho er mykje saman med mor si og er ellers på internett.

Ho nyttar over 2000 kroner i månaden på lydbøker, musikk og diverse tekniske dippeduttar. Dei fleste av lydbøkene hennar er framleis på kassettband, men ho finn meir og meir interessant lesestoff som ho kan laste ned og late e-boklesaren lese for henne. Musikk på CD-ar, dippeduttar, dippeduttar og fleire dippeduttar, alt kjøper ho nettbutikkar.

Å handle på nett er ikkje alltid like enkelt, men det er likevel noko heilt anna enn å ta toget til næraste kjøpesenter og prøve å få hjelp i ein av butikkane der. Dessutan treng ho ikkje førarhunden Arthur når ho handlar på internett. Ho likar ikkje Arthur, han ikkje er like god som dei andre førarhundane ho har, Lancelot og Guinevere. Begge desse er blitt pensjonistar og bur saman med Anne og mor hennar. Ho skil dei frå kvarandre ved hjelp av halsbanda deira. Arthur sitt halsband er glatt, Lancelot har piggar og Guinevere har rillar i halsbandet.

Som brorparten av blinde, kan ikkje Anne så mykje blindeskrift. Ho har ei merkemaskin som lagar etikettar med blindeskrift. Denne nyttar ho for å merke CD-ane, men ho kan ikkje lese bøker med blindeskrift, fordi dei gjerne er skrivne i kortskrift, noko ho ikkje har lært seg. Når ho handlar eller spelar på verdsveven, nyttar Anne den siste utgåva av JAWS, ein skjermlesar som kan brukast saman med Internet Explorer på Windows. JAWS nyttar avansert tekst-til-tale-syntese for høgtlesing av nettsider. Programmet har òg ei vanvittig samling av esoteriske snøggtastar for at ein skal kunne navigere seg gjennom verdsveven. Anne har lært seg alle tastekombinasjonane. Ho kan lese velutforma nettstader raskare enn ho les lydbøkene hennar.


Forrige: NN Introduksjon, neste: NN Dag 2, nynorsk