NN Dag 10

Frå Blankspot WikiWiki
Versjonen frå 1. februar 2015 kl. 15:19 av Chriscena (Diskusjon | bidrag)

(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Day 10: Presentér hovudinnhaldet ditt først

Ein av dei viktigaste fordelane ved å bruke ein rein CSS-basert utsjånad, er at det er enkelt å flytte på elementa i HTML-kjelda utan å påverke den visuelle utforminga, slik at du kan vise hovudinnhaldet medan resten av sida framleis blir lasta ned. Men eg er klar over at dei fleste nettstader framleis nyttar tabellbasert utforming, så dette er eit tips for deg.

Om du har ei tabellbasert utforming med ein meny på venstre side, så vil denne menyen, for blinde brukarar som Marcus og Jackie, bli vist før hovudinnhaldet. Det er ikkje så lett å skildre kor stort dette problemet kan vere, du må sjølv oppleve det:

  1. Døme på tabellbasert utforming.
  2. Endra utforming, med innhaldet først. Desse to utformingane skal i utgangspunktet sjå like ut i visuelle nettlesarar, men i Lyns er skilnaden tydeleg.
  3. Den orginale utforminga, som vist i Lynx.
  4. Den endra utforminga, som vist i Lynx. Hovudinnhaldet blir vist først, deretter menyen.

Du treng ikkje gjere om utforminga av heile malen frå botnen av for å unngå dette problemet. Det finnast ein (relativt) enkel teknikk, kalla "tabelltrikset", som kan vise hovudinnhaldet først og framleis lat menyen din ligge på venstre side.

Kven har nytte av det?

  1. Marius har nytte av det. Som vist ved eksempelet ovanfor, viser Lynx innhaldet i same rekkefølgje som i HTML-kjelda. Dette betyr at Marius må bla gjennom heile menyen kvar gong han besøker sida di. Å bla er keisamt.
  2. Anne har nytte av det. JAWS, på same måte som Lynx, viser innhaldet i same rekkefølgje som i HTML-kjelda. Med JAWS er problemet større, fordi Anne må sitje å høyre på at JAWS les gjennom heile menyen din før ho i det heile kjem til det viktige innhaldet. Der er heller ingen sikker metode for hoppe rett til hovudinnhaldet. (Vi skal snakke meir om dette problemet på måndag.)
  3. Google har nytte av det. Google legg meir vekt på innhald som ligg nær toppen på sida. Det vil seie, øverst i HTML-kjelda, ikkje øverst i visuelle nettlesarar. Faktisk er det slik at dei fleste som kjenner til denne teknikken arbeider i søkemotoroptimaliseringsindustrien. For dei er fordelane i høve til tilgjenge underordna.

Korleis gjere det

Sjå på nettstaden ved hjelp av Lynx Viewer og sjå om dine daglege innlegg er vist øverst, før menyen din. Malen som følgjer med Movable Type gjer det riktig. Om du nyttar denne malen eller ein som er basert på denne, treng du truleg ikkje gjere nokon ting. Men sjå på nettstaden din i Lynx Viewer likevel, slik at du får ei grundigare forståing av temaet.

Om du nyttar ein av standardmalane til Radio, er det mogleg at du må justere på tabellane for å få hovudinnhaldet øverst. Der er ingen spesifikk klipp-og-lim-måte å gjere dette på. Du må gå gjennom din eigen mal og sjå på tabellstrukturen. Dømet på utforming og den endra utforminga viser den grunnleggjande teknikken.

I staden for den vanlege tabellutforminga:

   ... meny ...
   ... hovudinnhald ...

gjer vi dette i staden:

<img src="/images/1.gif" width="1" height="1" alt="">
   ... hovudinnhald ...
   ... meny ...

Vidare lesing

  • Lynx Viewer.
  • A Promotion Guide: The Table Trick.

Forrige: NN Dag 9

Neste: NN Dag 11, nynorsk