NN Dag 14

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 14: Set inn titlar i lenkjer

Med tanke på at lenkjer er det veven handlar om, så skulle ein tru at folk kjende til title-attributtet, men eg ser det sjeldan. For dei av dykk som ikkje veit det, så kan alle lenkjer ha ein tittel, spesifisert av title-attributtet i <a>-taggen. Dette kjem i tillegg til den lenkjeteksten du har sett inn. Tittelen til lenkja dukkar gjerne opp som eit verktytips i visuelle nettlesarar, men kan òg bli brukt i ikkje-visuelle nettlesarar.

Det er ikkje alle lenkjer som bør ha titlar. Om lenkjeteksten er namnet på ein artikkel, så treng du ikkje legge til ein tittel; lenkjeteksten vil vere forklarande nok i seg sjølv. Men om du les lenkjeteksten for seg sjølv, teke ut av samanhengen, og ikkje kan skjøne kva den peikar på: Legg til ein tittel.

Kven har nytte av det?

  1. Anne har nytte av det. I JAWS kan ein velje å få lest opp tittelen til ei lenkje i tillegg til lenkjeteksten. (Denne funksjonen er ikkje slått på som standard. For å aktivere den, trykka Anne Insert+V for å få opp eit vindauge med JAWS sine opplesingsval, så endra ho "Text links verbosity" til "Alt tag or title".)
  2. Jørgen har nytte av det. Når han flyttar muspeikaren over ei lenkje i Opera, blir tittelen til lenkja vist i statuslinja og som eit verktøytips. Dermed kan han velje om han vil bruke verdifull bandbreidde på å følgje lenkja.
  3. Lillian har nytte av det. Når ho flyttar muspeikaren over lenkja i Internet Explorer, viser den tittelen til lenkja som eit verktøytips.
  4. Marius har nytte av det. Når Marius trykker på "l", viser Lynx ei liste over lenkjene på den aktuelle sida. Lista inneheld óg tittelen til kvar lenkje, dersom denne finnast.

Korleis gjere det

På kvar lenkje, der lenkjeteksten i seg sjølv ikkje gir nok informasjon til at lesaren skal kunne bestemme seg for om han skal klikke på lenkja, legg du til eit title-attributt. Døme:

  1. I menyen min har eg ei lenkje til statistikksidene mine. Teksten til lenkja er ganske enkelt "Statistikk", men title-attributtet gir ytterlegare informasjon:

<a title="tilvisingar og annan besøksstatistikk" href="/stats/">Statistikk</a>

  1. I menyen min har eg ei lenkje til boka mi, Dive Into Python. Lenkja ser slik ut:

<a title="Gratis bok om Python for erfarne programmerarar" href="http://diveintopython.org/">Dive Into Python</a>

  1. Når eg lenkjer til ein artikkel ved hjelp av ei frase i ei setning, prøver eg å bruke title-attributtet for å gi forklarande informasjon om lenkja, slik som tittelen til artikkelen eller eit sitat. Tipset i går inneheld til dømes denne setninga:

Kvifor er dette eit problem? Fordi <a title="!TheCounter.com statistikk for bruk av Javascript i nettlesarar, april 2002" href="http://www.thecounter.com/stats/2002/April/javas.php">Fordi 11% av internett-brukarane ikkje brukar Javascript</a> av ein eller anna grunn, inkludert mange funksjonshemma brukarar med nettlesarar som ganske enkelt ikkje støttar det.

Som blir vist slik:

Kvifor er dette eit problem? Fordi 11% av internett-brukarane ikkje brukar Javascript av ein eller anna grunn, inkludert mange funksjonshemma brukarar med nettlesarar som ganske enkelt ikkje støttar det.

Ikkje overdriv bruken av title-attributtet. Alt med måte.

Vidare lesing

  • Jakob Nielsen: Using Link Titles to Help Users Predict Where They Are Going.

Forrige: NN Dag 13

Neste: NN Dag 15, nynorsk