NN Dag 2

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 2: Jørgen

Jørgen er 27 år gamal, pensjonert og bur saman med kjærasten Christine området Great Neck nær Long Island. Då Jørgen var 22 år gamal, starta han eit lite selskap som spesialiserte seg i å legge høghastigheits fiberkablar. To år seinare selde han seg ut av selskapet i rett tid, til det same verdsomspennande telekommunikasjonskonglomeratet som akkurat no er på telefonen og prøver å forklare Jørgen kvifor han ikkje kan få noko raskare enn 56K oppringd internettilkopling i den nye leilegheita som kostar 30000 kroner månaden. Pengar kan tilsynelatande skaffe ein alt, bortsett frå kompetent hjelp.

Jørgen ser verda på ein litt annan måte enn deg. Dette er på ingen måte ein forretningsklisjé eller eit filosofisk utsegn. Han ser verkeleg verda på ein annan måte enn deg. Jørgen er fargeblind og kan ikkje skilje raudt frå grønt (særleg raudfargar verkar svært mørke, nesten svarte). Alle kleda hans er diskret merka med bokstavar, som td. «R» for raudt, «MG» for mørkegrøn osb. Kjærasten hans har laga ein kompatibilitetstabell som viser kva klede han kan bruke saman. Han følgjer instruksane bokstaveleg, så og seie, sjølv om han ikkje skjønar kva meininga er med det.

Medan representanten for kundeservice fortel Jørgen at han er fortapt for alltid, utfører Jørgen sine vanlege internettgjeremål. No som han har trekt seg attende, nyttar han mesteparten av tida si på å samle på krinskort til gamle spelemaskiner, reparere dei, putte korta i kabinett, pusse dei opp og selje dei vidare på nettauksjonar. Eigentleg er det kjærasten som pussar opp kabinetta, men Jørgen gjer alt det andre. Han har òg ein ilder som heiter Rolf, sjølv om det er ein ho-ilder. Christine klaga på at hann-ilderar lukta for mykje, så dei kom fram til eit kompromiss og gjorde det slik ho ville. Rolf nyttar mesteparten av tida hennar til å sove i kroken inst til venstre i sofaen, men sit gjerne i vindaugskarmen om morgonen for å sjå på morgonrushet. Det gjer faktisk Jørgen òg. Christine gjer det ikkje, ho søv heller litt lenger. Morgonen er tida for ein mann og hans ilder.

Som du sikkert forstår, er Jørgen sin hobby avhengig av ein del kommunikasjon over internett med tidlegare og potensielle kunder, leverandørar, spelehalleigarar og andre som måtte ha tips om ein spelemaskindel. Han forbannar 56K-men-eigentleg-28K-i-dag oppringt internettilgong, før han fyrer i gong nettlesaren sin. Nokre gonger nyttar han den tekstbaserte nettlesaren Links, som kan vise kompleks fleirkolonne-utforming like bra som ein grafisk nettlesar, men kun med tekst — ingen bilete eller skrifttypar. Andre gonger nyttar han Opera, fordi han med denne nettlesaren kan laste ned sider i bakgrunnen, og enkelt slå av eller på biletvisning. Oftast slår han dei av for å spare bandbreidde. I dag er det ein Links-dag.

Trafikklys er raude, gule og grøne øverst til nederst. Trafikklys som står sidelengs er vanskelege og dermed farlege. Jørgen har, som 8% av alle menn som er fargeblinde, lært seg å få eit raskt overblikk over området rundt seg og følgje stolpen frå bakken og opp til lysa. Lyset som er lengst frå bakken er raudt, nærast bakken er lyset grønt. Det midterste lyset er alltid gult.


Forrige: NN Dag 1, neste: NN Dag 3, nynorsk