Skilnad mellom versjonar av «NN Dag 3»

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med « == Dag 3: Knut == Knut bur i ei lita leilegheit i San Francisco, nesten 1 mil frå søstera hans, den einaste gjenlevande slektningen han har. Han er 62 år gamal. Leilegh...»)
 
(Dag 3: Knut)
 
Line 16: Line 16:
 
----
 
----
  
Forrige: [[Nn Dag 2]]
+
Forrige: [[NN Dag 2]]
  
 
Neste: [[NN Dag 4]], [[nynorsk]]
 
Neste: [[NN Dag 4]], [[nynorsk]]

Versjonen no frå 1. februar 2015 kl. 15:07

Dag 3: Knut

Knut bur i ei lita leilegheit i San Francisco, nesten 1 mil frå søstera hans, den einaste gjenlevande slektningen han har. Han er 62 år gamal. Leilegheita er alltid strøken, som ein militær kaserne rett før inspeksjon. Dette er heilt naturleg, sidan Knut har arbeidd i militæret sidan han var 18. Han byrja som soldat, arbeidde seg oppover i gradene, vart heidra med tre medaljar i Vietnam og vart verande i aktiv jobb til ein kneskade tvang han bak skrivebordet for 10 år sidan. Så for eitt år sidan vart han råka av hjerneslag og vart dermed nøydd til å gå av med pensjon. Høgrearmen hans er fullstendig lamma, og venstre hand skjelv utan at nokon har funne nokon grunn for dette. 500 menneske kom til avskjedsfesten hans. Han kjende alle saman personleg.

Knut nyttar ei gamal berbar datamaskin som køyrer Red Hat Linux. Han surfar på veven med Mozilla og les e-posten sin med Evolution, men han er sjølv ikkje klar over dette. Datamaskina (og programvaren) var ei pensjonsgåve frå søstera hans, som kan dette med datamaskingreier. Den berbare maskina er ei av dei gamle maskinene som kun har ei skjermoppløysing, 1024 x 768, trass i at skjermen kun er på 13 tommar. Synet til Knut er heilt fint det, berre så det er klart, sjølv om augene av og til blir forvirra og ikkje alltid klarer å halde følgje med kva dei les. Dette byrja etter slaget, og søstera synest at det er blitt verre, men ho tek tydelegvis feil.

Det einaste datarelaterte utstyret han har spandert på seg er eit ekstra tastatur med piltastar og !PageUp/!PageDown-tastar, slik at han enkelt kan nå desse med den gode armen. $29,99, minus ein rabattkupong på $5, som han nytta.

Før han gjekk av med pensjon, hadde Knut aldri vore på nett, men no har han funne fleire og fleire grunnar for å bruke internett. Fire timar om dagen nyttar han til å lese nettsider og snakke med gamle og nye vener. Etter oppmuntring frå sine veterankameratar, og med hjelp til det tekniske frå søstera, har han starta eit nyheitsbrev per e-post om rettigheiter for krigsveteranar. Han har allereie 200 medlemmar.

Knut kan overraskande nok skrive 10 ord i minuttet (neste år er det 15) ved å støtte handa mot kanten av tastaturet og berre bevege fingrane. Musa kan han derimot omtrent ikkje bruke og flyttar seg rundt ved hjelp av piltastane, tabulatortasten og eit vell av hurtigtastar som søstera har vist han. Søstera hans har òg lært Knut å aktivera eit program som let han nytte piltastene til å styre musepila med. Men dette programmet er så tregt og plaga av feil, så han bryr seg sjeldan med å bruke det.

Knut veit det ikkje enno, men i løpet av det neste året vil nyheitsbrevet bli til ein vevlogg, og året etter vil vevloggen bli til ein politisk aksjonskomité med stor politisk tyngde. Politikk handlar trass alt om kven du kjenner, og Knut kjenner alle.


Forrige: NN Dag 2

Neste: NN Dag 4, nynorsk