NN Dag 4

Frå Blankspot WikiWiki
Versjonen frå 1. februar 2015 kl. 15:09 av Chriscena (Diskusjon | bidrag)

(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Dag 4: Lillian

Lillian er ein innvandrar til Amerika, fersk frå båten, som ein seier, frå Hong Kong. Båten var eigentleg eit fly, og ho kom til hit for 30 år sidan, men dei seier det framleis. Ho er 54 år gamal, enke og og bur i Kansas City med dottera hennar, svigersonen og det 2 år gamle barnebarnet. Til saman er det dei tre ho brukar mest tid på. Dottera og svigersonen snakkar to språk flytande, men Lillian slit framleis med engelsk og snakkar helst morsmålet, kantonesisk. Når ho ikkje leikar med barnbarnet, prøver ho å øve på engelskferdigheitene sine ved å lese aviser. Ho spreier avisa utover kjøkkenbordet, slår på 100 watts lampa og les avisa med eit forstørringsglas.

Lillian arbeider som kontorassistent i eit verdsomspennande storkonsern innan telekommunikasjon. Dette er tilfeldigvis det same verdsomspennande telekommunikasjonkonsernet som er altfor inkompetente til å tilby høghastigheits internettilgong til rike 20-årige førtidspensjonistar i Long Island, sjølv om Lillian ikkje er klar over dette. IT-avdelinga deira har akkurat gjennomført ein verdsomspennande overgong til Windows XP og Internet Explorer 6, og er forventa å vere litt meir gretten enn vanleg dei neste ni månadene. Dei har òg innført ein ny sikkerheitspolise for internettbruk: ikkje Java, ikkje Javascript, ikkje Flash, ingen ActiveX-kontrollar, unntatt for nettstader som er godkjende av IT-avdelinga, som det ikkje finnast nokon av. Teknisk betyr dette at alle nettstader er i det begrensa området i Internet Explorer sin sikkerheitsinnstilling, at alle skript i begrensa nettstader er slått av og at og at du treng administrativ tilgong for å leggje nettstader til den klarerte sona.

Lillina har sjølvsagt ikkje administrativ tilgong.

Derimot så har ho ein 19-tommars skjerm, trass i protestar frå Matt i IT-avdelinga. Han nyttar einkvar anledning til å minne ho på at han måtte bere skjermen opp tre etasjer fordi heisa var i ustand den dagen. Han seier det på ein fin måte. Lillian likar Matt; han er den greiaste av alle og han stilte til og med tekststorleiken på Internet Explorer til «Større». Så no er vevloggen til dottera faktisk leseleg. Lillian les vevloggen kvar dag. Men då ho spurde Matt kvifor ho ikkje kunne gjere teksten til CNN.com større, sette han i gong med ein straum av nerdete, tekniske ord, vart svært frustrert før han til slutt sa at han ikkje kunne gjere noko med det.

Lillian skulle ønske at ho kunne lese fleire nettstader, men om ikkje Matt kan ordne det, så er alt håp ute.


Forrige: NN Dag 3

Neste: NN Dag 5, nynorsk