NN Dag 5

Frå Blankspot WikiWiki
Versjonen frå 1. februar 2015 kl. 15:10 av Chriscena (Diskusjon | bidrag)

(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Dag 5: Marius

Marius er son av ein narkotikamisbrukar og har vore blind sidan fødselen. Han vart fødd tre månader for tidleg, låg på respirator i seks veker og fekk ein 10% sjanse for å overleve. Han er 31 år gamal.

Marius arbeider ved ein AT+T telefonsentral, der han overfører samtaler mellom døve og høyrande. Det heile verkar på denne måten:

Ein døv eller hørslehemma person, lat oss kalle henne Melissa, ringer inn til sentralen ved hjelp av ein TDD eller ei datamaskin. Melissa skriv inn namn og nummer til den personen ho vil ringe, vi kallar han Todd. Marius ringer Todd og fortel at Melissa ringer han via the telefonsentralen. Det Melissa skriv kan Marius lese på ein ALVA refreshable Braille display, som tek det Melissa skriv og konverterer dette til Braille i sanntid. Det Todd seier, skriv Marius tilbake til Melissa med ei fart på heile 110 ord i minuttet. Verken Melissa eller Todd veit eller bryr seg med at Marius er blind. Det einaste som røper han er den svake lyden av pinnane som sprett opp og ned i ALVA-en, som klikkelydane av ein gamal skrivemaskin i det fjerne.

Der er ikkje noko samband mellom augene til Marius og hjerna hans. Trass i dette, klagar han likevel på hovudverk når sola skin gjennomvindauget nær kontorbåsen hans og trekkjer alltid for gardinene kvar ettermiddag.

Marius brukar òg ein ALVA heime, der han køyrer den tekstbaserte nettlesaren Lynx i eit fullskjerms DOS-vindauge. Han les nettsider heime på same måten han les telefonsamtalene på jobb: med blindeskrift, ei linje om gongen. Han hatar skjermlesarprogram, og han ville ikkje ha hørt programmet om han hadde hatt eitt sidan radioen står på fullt frå Marius kjem heim til han legg seg.

Han snakkar òg på telefonen medan han høyrer på radioen og surfar på verdsveven. Han snakkar med 100 menneske kvar veke. Han veit ikkje at dette er uvanleg. Om du spelte «six degrees of separation»-leiken — å finne seks mellomledd mellom deg og resten av verda — ville Marius vere ein av dine seks mellomledd. Han er ein av dei som får ryktebørsen til å gå og som marknadsførarar trur dei kan utnytte, utan å lukkast. Han er grunnen til at telefonselskapet ditt ikkje lenger tilbyr abonnement med uavgrensa lokalsamtaler. Marius elskar å fortelje venene sine om kule nettsider han har sett. Han brukar ordet sett med vilje, fordi han veit at det får dei til å føle seg ille til mote.


Forrige: NN Dag 4

Neste: NN Dag 6, nynorsk