NN Dag 6

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 6: Velje ein DOCTYPE

Setningar startar med stor bokstav; start HTML med ein dokumenttype eller DOCTYPE. Det er grunnleggjande grammatikk.

!!Kven har nytte av det?

Du har nytte av det. Mange av tipsa i resten av denne serien krevjer at du veit kva HTML-versjon du brukar, fordi framgangsmåtane er noko ulike. Så finn det ut no, eller legg til ein om du ikkje har ein.

!!Korleis gjere det

Du kan allereie ha ein DOCTYPE. Sjå på kjelda til heimesida di, DOCTYPE-en din (om du har ein) står heilt øverst, til og med før <html>-taggen.

  • Om du nyttar standardmalen til Movable Type, vil dokumenttypen din truleg innehalde uttrykket XHTML 1.0 Transitional. Dette er OK.
  • Om du brukar ein av standardmalane til Radio Userland, Manila eller Blogger, vil det i DOCTYPE-en truleg stå HTML 4.01 Transitional. Dette er òg OK.
  • Andre gyldige dokumenttyper vil innehalde uttrykk som HTML 4.01 Strict, XHTML 1.0 Strict, XHTML 1.1 og nokre andre. Alle desse er OK.

Om du har ein DOCTYPE så treng du ikkje endre denne. Men, om du derimot ikkje ser nokon dokumenttype i kjelda før <html>-taggen, kan du leggje til denne:

<!DOCTYPE html PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01 %%%Transitional//EN" "http://www.w3.org/TR/html4/loose.dtd">

Av tekniske grunnar, som eg ikkje vil gå inn på no (sjå avsnittet under «Les vidare» om du er interessert), kan det vere at utsjånaden til sida di vil endre seg litt etter at du har lagt til DOCTYPE. Om dette skulle skje, og kun då, kan du gå inn for eit kompromiss og bruke ein halv dokumenttype i staden, som dette:

<!DOCTYPE html PUBLIC "-//W3C//DTD HTML 4.01 Transitional//EN">

Merk deg at alle sidene i nettstaden din bør innehalde ein DOCTYPE, så du bør sjekke alle malane dine.

  • Movable Type-brukarar bør gå gjennom «Main Index»-, «Master Archive Index»-, «Category Archive»-, «Date-Based Archive»- og «Individual Entry Archive»-malane, pluss eventuelle andre malar du har laga sjølv.
  • Radio Userland- og Manila-brukarar bør sjekke malane «Main template» og «Home page template».
  • Greymatter-brukarar bør sjå gjennom malane «Main Index-Related Templates», «Archive-Related Templates» og «Entry-Related Templates».
  • Blogger-brukarar bør legge til ein DOCTYPE i hovudmalen din. Om malen «Archive template» er ei eiga side (det vil seie om den har ein <html>-tagg øverst) bør den òg ha ein DOCTYPE.

Det er viktig for resten av serien at du veit om du nyttar HTML 4 (valfri variant), XHTML 1.0 (valfri variant) eller XHTML 1.1. I morgon vil du skjøne kvifor.

!!Les vidare

  • A List Apart: Fixing Your Site With The Right DOCTYPE
  • MSDN: Quirks mode in IE 6

Forrige: NN Dag 5

Neste: NN Dag 7, nynorsk