NN Dag 8

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 8: Konstruere meiningsfulle titlar

Kvar side i nettstaden din bør ha ein unik og meiningsfull tittel.

  • Tittelen til hovudsida/startsida til nettstaden kan enkelt og greitt vere namnet til nettstaden.
  • Datobaserte arkivsider bør inkludere namnet til nettstaden din, etterfølgd av datoen (eller tidsperiode) for sida. I min eigen vevlogg har eg til dømes dagsarkiv, der titlane til sidene ser ut som følgjande: «dive into mark/Juni 19, 2002», og månadlege arkiv ser slik ut: «dive into mark/June 2002».
  • Kategorisider bør inkludere namnet til nettstaden din, etterfølgd av namnet på kategorien. Til dømes er alle mine CSS-relaterte innlegg arkivert under ei side som har tittelen «dive into mark/CSS».
  • Arkivet for enkeltinnlegg bør inkludere namnet til nettstaden din, etterfølgd av tittelen til innlegget. Eg har ikkje separate sider for kvart enkelt innlegg, men det har Jonathon Delacour og han for dette til på ein god måte. Til dømes er innlegget hans frå 17. juni 2002, Accessibility matters, arkivert under ei eiga side med tittelen «Jonathon Delacour: Accessibility matters».

Teiknsetjinga er ikkje relevant, sjølv om nokre skjermlesarar har høgtlesing av kvart teikn som standardinnstilling. Ein generell regel er at overdriven teiknsetjing høyrest like dumt ut som det ser ut.

Kven har nytte av det?

  1. Anne har nytte av det. JAWS har ein spesiell snøggtast (INSERT + F10) som viser (og les) ei liste over opne vindauge med tittelen til vindauga. I tilfellet med nettsider, så vil dette vere tittelen på sida di. Programmet les òg tittelen på vindauget når ein blar gjennom vindauga med ALT-TAB. Andre skjermlesarar, som Home Page Reader, les tittelen på sida høgt så i det ein besøker sida.
  2. Marius har nytte av det. Lynx viser nettsidetittelen på første linje i utskrifta, slik at det alltid er det første Marius les med bindeskrift.
  3. Knut har nytte av det. Etter hjerneslaget kan han av og til bli noko forvirra og gløymer ein liten augneblink kva han les om. Tittelen til sida verkar som eit visuelt anker, det blir ståande på same plassen sjølv om han blar nedover sida. Han kan alltids ta ein kikk på den for ei lita påminning.
  4. Google har nytte av det. Google viser tittelen på sida i søkeresultata, og rangerer nøkkelorda høgare når dei dukkar opp i nettsidetittelen. Dette er ein «God ting for deg», særleg for enkeltinnlegga. (Å velje gode innleggstitlar skadar heller ikkje.)

Korleis gjere det

Movable Type har separate malar for ulike typer oversiktssider og arkivsider. Malane som følgjer med er ganske tilgjengelege allereie, så om du bruker desse treng du ikkje gjere nokon endringar.

  1. Hovudsida: <title><$MTBlogName$></title>
  2. Arkivsida: <title><$MTBlogName$> Archives</title>
  3. Kategoriarkiv: <title><$MTBlogName$>: <$MTArchiveTitle$></title>
  4. Datobasert arkiv: <title><$MTBlogName$>: <$MTArchiveTitle$></title>
  5. Arkiv for enkeltinnlegg: <title><$MTBlogName$>: <$MTEntryTitle$></title>

Greymatter har eit liknande sett av malar, men med eit liknande sett av malar, men eit anna malformat. Greymatter har ikkje ein eigen malvariabel for namnet til vevloggen, så du må setje inn namnet til vevloggen din sjølv ved kvart tilfelle.

  1. Hovudsidemal: <title>Min vevlogg</title>
  2. Hovudarkivmal: <title>Mitt vevloggarkiv</title>
  3. Arkivloggmal: <title>Min vevlogg: Mal:Month Mal:Year</title>
  4. Mal for enkeltinnlegg: <title>Min vevlogg: Mal:Entrysubject</title>

Manila let deg spesifisere ein tittel for kvar dag (i alle fall med standardinnstillingar), slik at du heller bør gjere det enn å bruke dato, sidan dette truleg vil vere meir relevant for innhaldet.

  1. Hovudsidemal: <title>{siteName}</title>
  2. Mal: <title>{siteName}: {title}</title>

Radio er litt meir vrien, du kan framleis leggje til datoen til dine datobaserte arkiv ved hjelp av makrospråket til Radio. Ver varsam når du kopierer og limer inn denne makroen; der skal ikkje vere linjeskift nokon stader og Radio bryr seg. (Takk til Jake Savin for desse instruksane.)

  1. Hovudsidemal: <title><%title%></title>
  2. Hovudmal: <title><%title%><%local (d); if radio.weblog.file.getArchiveFileDate (radioResponder.fileBeingRendered, @d) {": " + string.dateString (d)} else {""}%></title>

Dessverre veit eg ikkje korleis ein tilpassar sidetitlar i Blogger. Forslag er velkomne.

Merk at dette kun er forslag. Du kan legge til ordet «arkiv» i dei daglege og månadlege arkiva, eller ikkje. Teiknsettjinga har eigentleg ikkje noko å seie, så lenge den ikkje er overdriven. Du kan putte namnet til nettstaden mot slutten av tittelen i staden for i byrjinga. Det er uansett ein god idé å inkludere namnet til nettstaden din, det er eit viktig haldepunkt, særleg når folk bytar mellom fleire opne vindauge.

Vidare lesing

  • Jake Savin: Adding a date to your Radio archive pages

Forrige: NN Dag 7

Neste: NN Dag 9, nynorsk