NN Dag 9

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 9: Tilby ekstra hjelp til navigasjon

Du er kanskje kjend med <link>-taggen i samband med eksterne stilark. Men visste du at du òg kan bruke ein liknande syntaks til å peike til heimesida di og til forrige og neste side i ein serie? I dagsarkivet kan du til dømes peike til innlegget frå dagen før eller dagen etter (om det finnast). Dersom du har individuelle sider for kvart innlegg, kan du peike til det forrige og det neste innlegget.

<link rel="home" title="Heim" href="!http://url/til/heimeside" /> <link rel="prev" title="Tittelen til den forrige sida" href="!http://url/til/forrige/side" /> <link rel="next" title="Tittelen til den neste sida" href="!http://url/til/neste/side" />

Desse lenkjene, som vanlegvis er usynlege for nettlesarar som Internet Explorer, kan visast i alternative nettlesarar og hjelpe lesarar å navigere seg gjennom nettstaden din. Du har kanskje allereie lagt til rette for fleire måter å navigere på: vekes- eller månadsarkiv, lenkjer til dei nyaste innlegga, månadleg kalender med daglege innlegg. Du har kanskje til og med synlege lenkjer som peilar til forrige og neste dag eller innlegg. Dei er alle flotte; behald dei og legg til desse òg.


Kven har nytte av det?

  1. Marius har nytte av det. Den tekstbaserte nettlesaren hans, Lynx, viser desse ekstra navigasjonshjelpemidla øverst på sida, saman med tittelen vi spesifiserte i title-attributtet. Når han les dagsarkivet for 18. juni, ser Marius følgjande:%%%
  2. Home June 17, 2002 June 19, 2002%%%

(#-teiknet fortel Marius at dette er metadata og ikkje sideinnhald. Lynx gjer òg dette med linja til den meiningsfylte tittelen din)

  1. Jørgen har nytte av det. Den tekstbaserte nettlesaren hans, Links, (som ikkje må forvekslast med Marius sin nettlesar, Lynx) kan òg vise desse navigasjonshjelpemidla øverst på sida, som dette:

Link: home Link: prev Link: next

  1. Knut har nytte av det. Mozilla viser desse ekstra navigasjonslenkjene i verktøylinja, «Site Navigation». Lenkjetypen («home», «prev», «next») visast som ein knapp på verktøylinja og tittelen til lenkja blir vist som vertkøyhjelp. (Note: the Site Navigation toolbar was in Mozilla 0.99, was removed from version 1.0 at the last minute, and will return in version 1.1. In versions that support it, you can display it under the View menu, Show/Hide, Site Navigation Bar, Show Always.)
  2. iCab-brukarar har nytte av det. iCab viser navigasjonslenkjene i ein nedtrekksmeny på verktøylinja, med tittelen definert for kvar lenkje.
  3. Firebird-brukarar kan ha nytte av det, om dei installerer ei verktøylinje for lenkjer som kan vise desse navigasjonshjelpemidla.

Korleis gjere det

I Movable Type legg du desse linjene til den datobaserte arkivmalen, rett etter <head>-taggen:

<link rel="home" href="<$MTBlogURL$>" title="Home" /> <MTArchivePrevious> <link rel="prev" href="<$MTArchiveLink$>" title="<$MTArchiveTitle$>" /> </MTArchivePrevious> <MTArchiveNext> <link rel="next" href="<$MTArchiveLink$>" title="<$MTArchiveTitle$>" /> </MTArchiveNext>

Legg òg følgjande linjer til malane for enkeltinnlegga, rett etter <head>-taggen:

<link rel="home" href="<$MTBlogURL$>" title="Home" /> <MTEntryPrevious> <link rel="prev" href="<$MTEntryLink$>" title="<$MTEntryTitle$>" /> </MTEntryPrevious> <MTEntryNext> <link rel="next" href="<$MTEntryLink$>" title="<$MTEntryTitle$>" /> </MTEntryNext>

I Greymatter legg du til dette rett etterv<head>-taggen i dei fire innleggsmalane dine:

<link rel="home" title="Home" href="Mal:Pageindexlink"> <link rel="prev" title="Mal:Previousentrysubject" href="Mal:Entrieswebpath/Mal:Previousentrynumberpadded.html"> <link rel="next" title="Mal:Nextentrysubject" href="Mal:Entrieswebpath/Mal:Nextentrynumberpadded.html">

I Radio, blir det heile forenkla av Sjoerd Visscher si samling av makroar, «Navigation Links For Radio», som ordnar dette for deg.

  1. Last ned «Navigation Links»-makroane.
  2. Pakk ut nedlastinga og kopiér dei fire filene (navigationLinks.txt, nextDayLink.txt, prevDayLink.txt og permalinkUrl.txt) til Macros-mappa. I standardinstallasjonen på Windows er dette C:\Programfiler\Radio !UserLand\Macros.
  3. Set inn denne kodesnutten i hovudmalen, rett etter <head>-taggen din:

<%navigationLinks()%>

Diverre veit eg ikkje om nokon god måte å implementere førre- og neste-lenkjer i Manila eller Blogger, men du kan i det minste legge til lenkja til hovudsida di, rett etter <head>-taggen: <link rel="home" title="Heim" href="!http://url/til/heimesida/di">

Vidare lesing

  • Sjoerd Visscher: Navigation links in your Radio Userland weblog.

Forrige: NN Dag 8

Neste: NN Dag 10, nynorsk