NN Introduksjon

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Introduksjon

Denne boka er kalla «Kast deg ut i tilgjengelegheit: Ein meir tilgjengeleg nettstad på 30 dagar», og vil gje deg svaret på to spørsmål. Det første spørsmålet er «Kvifor bør eg gjere nettstaden min meir tilgjengeleg?» Om du ikkje har ein nettstad, så er ikkje denne boka for deg. Det andre spørsmålet er «Korleis kan eg gjere nettstaden min meir tilgjengeleg?» Er du ikkje overtydd av svara på det første spørsmålet, vil du nok ikkje vere interessert i det andre.

For å gje deg svaret på det første spørsmålet, vil du bli kjend med fem ulike personar: Anne, Jørgen, Knut, Lillian, and Marius. Desse personane har fleire ting til felles:

  1. Dei har alle ein kombinasjon av fysiske-, psykiske- og teknologiske funksjonshemmingar som gjer det vanskelegare for dei å nytte internett.
  2. Sjølv om dei er fiktive, representerer dei alle verkelege menneske med funksjonshemmingar, og dei nyttar internett på same måte som verkelege menneske med funksjonshemmingar ville gjort.
  3. Dei har alle vanskar med å lese din nettstad.

For å svare på det andre spørsmålet, vil eg gje deg 25 tips som du med ein gong kan nytte til din eigen nettstad for å gjere han meir tilgjengeleg. Sjølv om desse konsepta gjeld for alle nettstader, vil eg fokusere på korleis du kan implementere desse i nokre populære vevloggingsverkty. Om du nyttar andre publiseringsverkty, er du sjølv nøydd til å finne ut korleis du kan implementere desse tipsa i det verktyet du nyttar.

Kvart tips vil fokusere på eit enkelt konsept, forklare bakgrunnen for det og vise deg kven som dreg fordel av det når du implementerer det i nettstaden din. Dette er grunnen til at personskildringane kjem først, fordi det kan endre spørsmålsstillinga frå «Kvifor skal eg gidde?» til «Kven har nytte av det?» Svar: «Marcus har nytte av det.» «Korleis har Marcus nytte av dette?» «Vel, lat oss sjå på det …» og så bortetter.

Ikkje få panikk som du ikkje er ein HTML-ekspert. Ikkje få panikk om den einaste nettstaden du har er ein personleg weblog, der du har plukka ut ein ferdig mal då du byrja skrive og ikkje har rørt malen sidan. Eg skal ikkje fortelje deg at du må gjere radikale endringar i utsjånaden på sidene dine, kaste ut alle dei nøsta tabellane og konvertere til XHTML og CSS. Dette handlar om å ta det du har og gjere det betre med små, men viktige endringar. Anne, Jørgen, Knut, Lillian og Marius vil takke deg for merksemda.


Neste: NN Dag 1, nynorsk