NN Dag 7

Frå Blankspot WikiWiki
Gå til: navigering, søk

Dag 7: Fastsetje språket ditt

Du veit kva språk du skriv med. Fortel det til lesarane dine … og programvaren deira.

!!Kven har nytte av det?

  1. Jackie har nytte av det. Hennar skjermlesarprogram (JAWS) må få vite kva språk sidene dine er skrivne med, for å få riktig uttale av orda dine når den les høgt frå sidene dine. Om du ikkje har fastsett språket du brukar, vil JAWS forsøke å gjette kva språk du brukar, og den kan gjette feil. Spesielt om du siterer kjeldekode eller legg anna ikkje-språkleg innahld til sidene dine.
  2. Google har nytte av det, sjølv om du skriv på engelsk, men spesielt om du skriv på eit anna språk. I følgje Google Zeitgeist, søkjer 50% av Google-brukarane på andre språk enn engelsk, og mange av desse brukarane spesifiserer dette i Google-innstillingane slik at dei berre får opp sider i valgt språk. Google sine algoritmer for å automatisk identifisere språk er betre enn dei fleste, men kvifor gjere jobben til Google vanskelegare enn naudsynt?

!!Korleis gjere det

Først må du finne den rette to-bokstavskoden for det språket du nyttar. Koden for engelsk er «en», koden for fransk er «fr» og norsk er «no». Om du skriv på eit anna språk, kan du finne språkkoden din i denne lista. Språkkoder er ikkje skil ikkje mellom store og små bokstavar.

No kan du setje språkkoden inn i <html>-taggen. Korleis du skal gjere dette er avhengig av kva HTML-versjon du brukar. Sjekk din DOCTYPE, og gjer så eitt av følgjande:

  1. Om du brukar ein eller annan variant av HTML 4, endrar du <html>-taggen slik (bruk din eigen språkkode om du ikkje skriv på norsk):%%%

<html lang="no">

  1. Om du brukar ein variant av XHTML 1.0, endrar du <html>-taggen din til denne (bruk din språkkode begge stader):%%%

<html xmlns="http://www.w3.org/1999/xhtml" lang="no" xml:lang="no">

  1. Om du nyttar XHTML 1.1, endrar du <html>-taggen din til denne (framleis er det din eigen språkkode som gjeld):%%%

<html xmlns="http://www.w3.org/1999/xhtml" xml:lang="no">

Som med DOCTYPE, så bør du oppgi kva språk du brukar på kvar side i nettstaden din.

Ei lita tilleggsopplysing: Om du brukar meir enn eit språk i ei side, kan du identifisere språket i eitt av elementa som omsluttar teksten. Til dømes, om nettstaden din nyttar HTML 4 og primærspråket er norsk, så kan du markere eit engelsk sitat på denne måten:

<html lang="no">%%% ...%%%

%%%

...%%%

!!Les vidare

  • Oversikt over språkkoder
  • lang-attributtet i HTML-spesifikasjonen
  • Jim Thatcher om støtta til lang-attributtet i skjermlesarar. Han omtalar algoritmen for automatiske språkoppdaginga som «svært mangelfull». Og han burde vite kva han snakkar om, sidan han har skrive algoritmen for Home Page Reader. Andre skjermlesarar har lagt til støtte for lang-attributtet sidan han skreiv denne kommentaren, men den automatiske språkstøtta er framleis svært mangelfull, noko som gjer det enda viktigare og nyttig å oppgi språket.

Forrige: NN Dag 6 Neste: NN Dag 8, nynorsk